Jon Helge Bjørdal

Annonse:

Vartdal Turn og Idrottslag nominerer Jon Helge Bjørndal  til  Sunnmøres Ildsjel 2018.

Og høyr her:  Etter 40 års kamp har Vartdal endeleg fått nytt fottballstadion. Den første kampen vart spelt 26. september 2018, og laget tek sikte på ein hei- dundrande-opningsfest neste vår.

Prosessen har vore lang og smertefull og gått mellom alle tenkjelege instansar, kommune, fylke, fleirfaldige rettsnivå og klubben har levd i håp og fortviling i det uendelege.

Men no altså ligg eit flunkande nytt idrettsanlegg/kunstgrasbane klart til bruk på Vartdal og alle vartdalingar er i hundre!

Og så til Jon Helge, 53 år og attpåtil nygift!

Jon Helge har vore leiar for Vartdal Turn&Idrottslag sidan 2005 - og er det framleis! Men han har hatt ulike tillitsverv i laget i over 25 år. Han har i alle desse åra vore ein fenomenal pådrivar for alt som heiter idrettsarbeid i vartdalsbygdene. I hovudsak fotball. Han har vore leiar i fotballgruppa (parallelt med leiarvervet i heile laget), han har vore oppmann for fleire lag, han har vore materialforvaltar og dugnadssjef.

Det er Jon Helge som skal ha æra for at stadionen på Vartdal er klar til bruk til våren 2019. Gjennom arbeid i årevis har Jon Helge knytt kontaktar til næringsliv og politiske myndigheiter, han har jobba fram planar og strategiar, fått pengar på plass og altså endeleg i fjor klart å forhandle fram løysingar som har gjort det mogeleg å byggje fram eit av Sunnmøres flottaste idrettsanlegg!

Men dette er berre litt av innsatsen til Jon Helge.  I 2013 stod ein ny idrettshall klar til bruk på Vartdal. Jon Helge pådrivar også her! Like ivrig som alltid! Barn og ungdom har fått ein topp innandørs arena!

Og så til Jon Helge i kvardagen: Han er først til stades på mest alle fotballkampar. Han sel billettar, steikjer vaflar, merker baner – sørgjer for at alt er klart. Han er vakt på kampane, men gløymer seg og er sjølv den som  stormar bana når Vartdal skårar i det siste minutt! Berre spør dommar Oddbjørn Åm!

 I 25 år! Nærast dagleg! I gummistøvlar og oljahyre – han stiller på kvar ein dugnad som finst, med spade og hakke og tek gjerne dei verste jobbane.

Han kjenner kvar unge på Vartdalsstranda, oppmuntrar og heiar på dei. Han tek seg av eldre, får dei til å møte på kampar og tek seg gjerne ein sving innom aldersheimen for å fortelje frå kampane. Han skriv i lagsbladet og representerer idrettslaget forbiletleg på alle måtar.

Han har hatt fleirfaldige  verv innan idretten, vore leiar for Idrettens kontaktutval i Ørsta og site i styret der ei årrekkje.

Du finn han på Color Line, på Norway Cup og er ein mann som verkeleg brenn for idretten og fotballen på Vartdalsstranda.

Eit arbeidsjern av dei sjeldne! Jon Helge er mannen som aldri har lært ordet nei!

No ønskjer han kongen til stades på opninga av Vartdal nye stadion! Skal ikkje forbause oss om han får det til.

Jon Helge er likt av alle og har gjort meir enn nokon kan forlange for fotballen på Vartdalsstranda.

Å bli Sunnmøres Ildsjel fortener han – og tenk for ein flott bryllaupspresang det ville ha vore!

Avstemningen er avsluttet!

Alle_logoer
Annonse fra Obos-ligaen: