Uavgjort mot SK Brann

AaFKs G16-lag måtte dele poengene med bergenserne.

Begge lag gjekk seirande ut i første serierunde. Brann 4-2 over Rosenborg, AaFK 3-0 over LSK.

Brann har ballen mykje innledningsvis, uten at dei klarer å omsette ballinnehavet i sjanser. Med unntak av eit par langskudd og eit frispark frå 20 meter som Jonas har god kontroll på, skaper ikkje Brann nokon sjanser dei første 45.

Me er dyktige til å nekta Brann tilgang på farlige rom sentralt i bana, og ballinnehavet deiras består stort sett i å venda spelet frå stoppar til stoppar, ut til back, og så tilbake til stoppar igjen.

2. omgang skulle visa seg å vera langt meir actionspekka enn sin forgjengar. Sjølv om det er me som begynner omgangen best, så er det Brann som får uttelling først.

Brann slår ein lang crossball mot bakrom frå si høgreside - me er feilposisjonert i backfirerer, taper duellen, og andreballen landar i beina på ein Brannspelar, som frå 16 meter setter ballen kontant bak Isak.

Målet preller av oss, og me fortsetter å dominera kampen. Like etter 1-0-målet er Jonas Flo svært nær utlikning. Etter godt høgt press frå nevnte Flo, Oscar Solnørdal og Isak Dybvik vinn me ballen, og får satt opp Jonas aleina med keeper frå skrått hold. Keeper får desverre ei hånd på ballen, som går via tverrligger og ut til corner.


Men ikkje lenge etter sitter den i mål. Igjen er det Dybvik og Flo som er på farten. Etter nok eit godt høgt press stresser me Brann sitt midtbaneanker så han mister ballen, og me kan kontre. Jonas kjem 1 mot 1 med ein Brann-midtstopper, og etter å ha dratt han av, setter han ballen kaldt nede til høgre med venstrebeinet sitt. 1-1.

1-1 er eit resultat som reflekterer kampen greitt. Brann er det førande laget i første omgang, me i andre omgang. Gutane våre skal ha stor honnør for jobben dei legg ned. Me er inne i eit tett kampprogram, og over halve troppen hadde spelt kamp dei siste 48 timane før denne. Laget viser fin framgang, og viser at sjølv utan fleire nøkkelspelarar i kamptroppen, er me fullt på høgde med Brann, som hadde 4 U-landslagsspelarar i troppen sin.

Tom Andreassen fortjener å bli trukke fram denne kampen. Kaptein med stor K. Dirigera og styrer laget heile kampen, hjelper dei rundt seg; sørger for at ingen slepper seg nedpå når me er gode, eller mister motet når me ligger under. Når Tom i tillegg er involvert i omtrent alt me skaper framover, og jobber som ein piska dølagamp bakover, så fortjener han eit ekstra klapp på skuldra!

- Brede Skahjem Tokvam 

 

Troppen mot SK Brann 

Jonas Oksholen
Isak Endal
Marius Rønning
Sivert Eikrem
Evan Hagen
Tom Andreassen
Vegar Skulstad
Oscar Solnørdal
Henrik Hatløy
Tobias Sagli – Sykkylven
Ginito Gaw – Hessa
Håvard Breivik – Hareid
Simon Vågnes – Langevåg
Isak Mäattä Dybvik – Langevåg
Jonas Flo – Stranda
Mats Lervik – Aksla
Johannes Tjøstheim – Blindheim

Annonse: