Blogg: 2012-toget på skinner

Det er høgtrykk på lyntog desse dagane, men Ålesund og Mørekysten er oversett i dei offentlige utredningane. Nokre ivrige sjeler kjemper for -

Blogg toget på skinner

– og ei stor taus gruppe håper på – at vi og får vere med på den festen om den blir noko av. Der er det uansett god tid. Det toget får nok stå lenge på perrongen før det går.

Aalesund sitt 2012-tog er derimot både på skinner og i bevegelse. Vi har trena i vekesvis, spelt to positive treningskampar, er snart på veg til årets andre treningsleir og i skrivende stund skal til og med jamaicaner nummer 2 vere på veg. Godt at den saken er i ferd med å avsluttast. Ikkje noko gøy.

 
Vi lar ikkje toget få sleppe heilt endå. Vi er altså på skinner og beveger oss framover. No må vi pense oss inn på det rette sporet som leder oss rake vegen til suksess. Det kan vi faktisk oppnå på tre frontar i år og. Klarer vi enten medalje i serien, ny cupfinale eller gruppespel i Europaligaen må vi vere godt fornøgde. Men før vi kan snakke om sluttresultat har vi lang tid og ein lang veg framføre oss.
 
For oss som sug til oss alt det måtte vere av nyttig og unyttig informasjon medan vi tel ned til 25.mars – berre 59 dagar att – har det vore ein inspirerende start på sesongen. Sjølv om trenaren meinte det var litt tidlig, er treningskampar mot velkjente utanlandske lag noko vi veit å sette pris på. Brøndby har ikkje hatt sin aller beste sesong, men er likevel ein svært god målestokk for oss. 0-1 med etter rapportane heilt greitt spel var eit hederlig resultat. Uavgjort og siger på straffer mot Twente rett før dei starta andre halvdel av sesongen sin er meir enn godkjent.
 
Barcelona, Manchester United, Chelsea, Bayern München, Arsenal, Real Madrid, Inter, Porto, Lyon, Liverpool og AC Milan er gode fotballag. Faktisk dei 11 beste laga i Europa basert på resultata i e-cupen dei siste 5 sesongane. På neste plass følger Shaktar Donetsk frå Ukraina. Førstkomande mandag skal vi spele mot dei på Copa del Sol. Spennende. Kalmar som skal representere Sverige i e-cupen til sommeren og Anji med Roberto Carlos og Samuel Eto’o i dei to neste kampane er også motstandarar som burde få fleire enn meg til å løfte på augebryna. Eg må berre gjenta meg sjølv: Spennende!
 
Treningskampar er treningskampar. Resultat og til og med prestasjonar har begrensa verdi. Men uansett korleis det har gått og måtte gå, så er det eit openbart positivt utkome. Når sommeren kjem og vi skal spele minst 2 – forhåpentligvis 4, 6 og 12 – kampar i Europaligaen, så er det ikkje lenger noko mystisk og ukjent vi møter. Vi har spelt tellende kampar mot utanlandske lag i to sesongar med gode resultat, og vi har spelt treningskampar mot nokre av kanonene i europeisk fotball. Dei er berre 10 mann og keeper dei og. Kanskje gode, men ingenting å vere redde for. Det blir endå lettare enn i fjor å fokusere på fotballen vi speler heller enn å lure på motstanderane.
 
Men korleis står det til med laget? Jääger er den einaste toneangivende spelaren vi savnar sidan sesongslutt. Det er velkjent at vi jakter både ei erstatning for han og den nye superspissen vi har jakta på sidan vi var små. Det går ikkje så fort som vi skulle håpe, og det er lett å bli pessimist. Men så lenge Rekdal er positiv i avisene er det berre å håpe og tru på det. Inn i laget har vi fått unge lovende Leke James frå Nigeria og endå yngre Adam Sellami Honningsvåg frå Ellingsøya. (Grytebust, Myklebust, Honningsvåg… Så mange gode spelarar, og likevel kaver dei i siste divisjon? Satser dei meir på spelerutvikling enn A-laget?) Begge to har fått svært hederlig omtale på treningsleiren. Ulvestad har kanskje fått mest av alle, medan Rørvik og Fuhre også har blitt nevnt oftare enn dei fleste. Fuhre og Carlsen er forresten med for fullt. Ekte optimistar vil kanskje kalle dei nye spelarar samanlikna med forrige sesong. Liten tvil om at vi kom heim frå Kanariøyane med større sjølvtillit enn då vi reiste. Endå større.
 
Fram til og gjennom sesongen er planen å komponere tidenes aller beste Aalesund-lag. Som nevnt håper vi på ein dæsj nye spelarar – det er rom for fleire både i kvalitet og kvantitet – men det aller viktigaste er at dei vi har utvikler seg i rett retning og at vi klarer å sette dei saman til eit slagkraftig lag. Sist vinter vraka trenarane den klassiske formasjonen på midtbana for å få mest mulig ut av Barrantes, noko som viste seg å vere eit klokt trekk. Kan vi vente oss ytterligare justeringer i år?
 
I mål har Ole Christian Rørvik stått det meste og imponert. Grytebust er nok ikkje lett å vippe ut av laget, men det gjer godt å ha to mann ein stoler på. Som ung og lokal får han heilt sikkert fleire sjansar enn korttidsløysinga Sandqvist gjorde i fjor.
 
I forsvaret er det mest snakk om å finne ein ny høgreback. Inntil videre speler Jalasto der. I utgangspunktet er han ingen dårlig mann. Han har gjort det bra for oss både på backen og ikkje minst i midten før, men 2011 var eit steg tilbake. Når vi samtidig veit at kontrakta hans berre går fram til sommeren er det lett å tenke at han går ei uviss framtid i møte. Har trenarane trua på han? Klarer han å finne tilbake den rette kursen? Håper det.  
 
Men personlig er like spent på stopperane og venstrebacken. Per dags dato virker det som om Tollås, Arnefjord og Matland har gjort dei plassane til sine. Fint det, men det er på sin plass med utvikling. Matland er ikkje Parr, men har andre eigenskaper vi må kunne utnytte endå bedre. No har han fått med seg heile oppkjøringa. Det skal gi eit løft. I midten mangler vi mannen som tar med seg ballen opp og fram. Han ser eg i Jonatan Tollås Nation. Sjølvtilliten og sjølvinnsikten begynner å sitte. Evnene er der. Og han bør lære seg ordtaket “det beste er det godes verste fiende”. Eller varianten “Keep it simple, stupid!” Etter ei lang tung periode slo han endelig tilbake i haust. Eg forventer ytterligere forbedring både i det defensive og offensive spelet. I tillegg til dei fire nevnte har vi berre ein dedikert forsvarer i A-stallen. Edvard Skagestad, som brukte fjoråret til å venne seg til både nivået og uvante plassar på bana.
 
Midtbana var gullet vårt i fjor. Morrison, Ulvestad og Barrantes styrte cupfinalen og mange andre kampar. Artig å tenke på at før den sesongen hadde Ulvestad berre eitt minutt og Barrantes antydning til floppstempel. Morrison ingenting. Komplett make-over. Kontinuitet har ofte vist seg å vere ein suksessfaktor i fotballen, og det har vi muligheiten til å få no. Men dei må prestere. Peter Orry Larsen tok nye små skritt framover i fjor. Fortsetter han med det? Eller tar han kanskje eit heilt jafs? Fredrik Carlsen er som tidligare nevnt nesten som ein ny spelar. Han er uansett annleis enn dei andre, bulldoggen som alltid er i vegen. Han gler seg nok til 2012. 2011 vart øydelagt av skader, samtidig som han antakeligvis var det tydeligaste offeret for midtbaneomlegginga. Det krevs ei aldri så lita utvikling av enten han eller formasjonen for å få ein perfekt match. Det kan gå. La oss heller ikkje gløyme Amund Skiri som også har sitt å revansjere. Eller Leke James som overraskende nok spelte offensiv midtbane dei to første treningskampane. Det er ikkje anna å seie enn at vi har mykje å spele på i denne lagdelen.
 
Som i fjor er det heilt fremst det er flest spørsmålsteikn. Phillips er førstevalg på venstrekanten, men Fuhre puster han i nakken. I midten venter vi framleis på ein ridder med hest og rustning. Sylling og James virker uansett å vere heilt greie alternativ i ventetida. På høgrekanten har vi den kanskje mest opne plassen på heile laget. Herrera virker dessverre å vere på veg vekk. Myklebust kom som ein vind i fjor, men må både løfte og stabilisere seg for å kunne kalle seg førstevalg. Sellin spelte aller mest på plassen i fjor, men er uansett ute av spel til etter sesongstart. Honningsvåg, James og Sylling er også alternativ, og sidan ingen har sagt at vi jakter på ein høgreving ligg nok løysinga i denne gjengen. Det er opp til kvar enkelt av dei å stå opp og gripe sjansen. Dersom ingen gjer det kan det fort bli eit alternativ å justere formasjonen. Kun ha ein rein ving til venstre medan høgrevingen i like stor grad er midtspiss. Akkurat slik Rosenborg gjorde i dei dager då Rushfeldt og Brattbakk spelte saman i deira vanligvis så fastlåste system. Det kan sjølvsagt vere spennende, men stiller i så fall krav til at enten backen eller midtbanespelaren tar ekstra ansvar på denne flanken. Nevnte eg Post? Han er også spiss, og vi skal ikkje avskrive han heilt endå trass i ein vanskelig førstesesong.
 
Så vi har mykje å jobbe med og mykje å spele for. Serieoppsettet gir muligheter til ein god start dersom vi klarer å treffe formen. Stabæk borte i første serierunde er ein god mulighet, samtidig som det er ein ekkel kamp. Dei er sterkt svekka – nesten rasert – men erstatterane dei har henta kjem ikkje frå ingenting. Dei har vore gode spelarar ein divisjon eller to under, eller innbyttarar i eliten. Dei er i Stabæk for å spele fotball og vise seg fram, ikkje for å bli rike. Og ikkje minst: Dei slår nedanfrå med mykje inspirasjon og lite press. Vi blir deira første test. Dei blir vår. Tromsø heime i andre runde er endå ein ekkel kamp med gode muligheiter. Aldri blir dei tippa like høgt som dei plasserte seg året før. Alltid gjer dei det bedre enn forventa. Men på vår eigen kjære plast? Vi kan svært godt finne på å slå dei. Slik fortsetter det, med kampar fulle av muligheiter.
 
I fjor var resultata på sommeren nesten komiske. Tap på tap i serien, samtidig som vi vant det som var i cupane midt i mellom. Delvis kan vi forklare det med kvar vi hadde fokus. Samtidig viste poengkurva både i ’09 og ’10 akkurat det same forløpet. God vår, dårlig sommer, god haust. Dette bør trenerane dykke ned i. Er det berre tilfeldig, eller er det noko vi gjer galt som vi kan endre på?
 
Har eg nevnt at vi må score mål? Det bør vi absolutt gjere oftare enn i fjor. Då blir det lettare å vinne fotballkampar. Avstanden til vår første seriemedalje kan fort bli kort. Vi kan sjølvsagt vente på Mr.15-mål-per-sesong, men det er minst like viktig å få ut meir av dei vi allereie har. Målet er ganske stort, og det er ingen heksekunst å treffe det med ballen. Ser vi på spelet i nærheten av motstandermålet sist sesong er det absolutt ting å hente. Det kunne til tider virke meir enn planlaust. Trulaust, kanskje? Besluttsomhet, vilje, sjølvtillit, initiativ, samhandling. Vi kan løfte oss mykje her, og då kjem vi til å få meir tellende resultat ut av spelet vårt. Likevel, Mr.15 er velkommen.
 
Toget snegler seg langs perrongen. Dørene er opne, kven hopper på? Gjengen er i gang med å skuffe køl, og vi får opp dampen. Spora og den opne prærien ligg framføre oss. Det er berre å gripe muligheten, kome oss akkurat dit vi vil. Lykke til, vi gler oss!
 
Andreas Rørvik Godø
 

Relaterte...

Familiejubel_2.JPG
Siste nytt
Familiepakken 2+2 og studentbilletter
Benytt våre tilbud til mandagens kamp: Blant annet Familie 2+2
Brage Sandmoen
Siste nytt
Sandmoen dømmer AaFK - Odd
Brage Sandmoen dømmer oppgjøret mot Odd 2. pinsedag
Mannskor og skjerfing foran hovedtribune 2011
Siste nytt
Opplev AaFK - Odd 2. pinsedag
Rød dag, blå himmel, oransje glede. Bli med og del de store opplevelsene på Color Line St...
Brann - AaFK
Siste nytt
Nok en Tippeligadebutant
Daniel Stensøe fikk sin Tippeligadebut på Brann Stadion

Adobe Flash-plugin påkrevd

Denne siden krever Adobe Flash-plugin. Klikk her for å laste ned nyeste versjon av Flash-plugin.

Se flere videoer

Familiepakken 2+2 og studentb...

Sandmoen dømmer AaFK - Odd

Opplev AaFK - Odd 2. pinsedag

Nok en Tippeligadebutant

Jönsson: - Kjører kampen

Tollås Nation: - Vi står på bra

Mest lest
CLS forvandles til gigantisk konse...
Snart klart for Jugendfest og musikalsk...
Billettsalg AaFK - Molde
Nå kan du sikre deg billetter til storo...
Et godt utgangspunkt før returoppg...
APOEL FC er neste motstander i Eur...
Nok en hjemmeseier
TV: - I am a happy man today

Kamper

Se alle

Partnere